(Gyldendal 2017)
Av og til er det herleg å lesa noko lett. Så kva med litt feelgood-krim frå sørlandsidyllen Risør? Elvira er ein tilsynelatande sur revisor, men med eit stort hjarte, og eg som lesar blir veldig glad i henne. Både miljø og karakterskildringane er svært gode. I tillegg er det fleire lag her viss ein kikkar etter. For under den underhaldande krimhistoria er dette også ei historie om utanforskap, fattigdom og skam.
Foto: Magne Johansen