24. desember: Overtalelse av Jane Austen

Oversatt av Merete Alfsen (Aschehoug 1998)

 «I denne søte juletid bør man seg rett fornøye» startar den fine Brorson-salmen. Og ingenting fornøyer meg meir enn Jane Austen. Ingen skriv så vittig, og ingen avslører mennesket så godt gjennom humor og vidd og intelligens som henne. Overtalelse er ei av dei bøkene du kanskje ikkje har høyrt så mykje om. Den er minst like god som dei andre. Her møter me veslesøster Mary som gjer boka til ein lesefest med sine perspektiv som stort sett bommar 100 %. Me møter storesøster Elizabeth som er iskald og vakker og går på ball på trettande året. Og me møter Anne som ein gong var vakker, men er dritten i midten og ugift. Og aldri har eg vore så glad i ein Jane Austen karakter som eg er i henne.

Foto: Magne Johansen

Del anbefalingen:

Share on facebook
Share on twitter

Vi anbefaler også:

Neil Gaiman: Neverwhere

Richard er en vanlig innbygger i storbyen London. Han har en trygg jobb, egen leilighet og er forlovet. En kveld på byen dukker en skadet

no Norwegian
X