24. desember: Overtalelse av Jane Austen

Oversatt av Merete Alfsen (Aschehoug 1998)  «I denne søte juletid bør man seg rett fornøye» startar den fine Brorson-salmen. Og ingenting fornøyer meg meir enn Jane Austen. Ingen skriv så vittig, og ingen avslører mennesket så godt gjennom humor og vidd og intelligens som henne. Overtalelse er ei av dei bøkene du kanskje ikkje har […]

21.desember: Uten vesentlige feil eller mangler av Linda Skomakerstuen

(Gyldendal 2017) Av og til er det herleg å lesa noko lett. Så kva med litt feelgood-krim frå sørlandsidyllen Risør? Elvira er ein tilsynelatande sur revisor, men med eit stort hjarte, og eg som lesar blir veldig glad i henne. Både miljø og karakterskildringane er svært gode. I tillegg er det fleire lag her viss […]

18. desember: Löwenskiold-trilogien av Selma Lagerlöf

Oversatt av Per Qvale (Oktober 2017) Löwenskiold-trilogien er tre ganske ulike bøker. Den første boka Löwenskiolds ring er som ei spøkelsesforteljing. Den andre Charlotte Löwenköld er eit litt sånn tv-serie aktig kjærleiksdrama, veldig spennande. Mens Anna Svärd er ein karakter som er umogleg å gløyme. Det ho manglar av danning, tek ho igjen i menneskekunnskap. […]

15. desember: Den ærlige bedrageren av Tove Jansson

Oversatt av Gunnel Malmström. (Heinesen cop. 2014) Kven lurer kven i dette finland-svenske kammerspelet? Det er ikkje så lett å seie. Blir det den street-wise og praktiske Katri eller den rike, upraktiske og livsfjerne Anna Amelin som går av med sigeren? Eller kva med Katris hjartegode bror Mats som lengtar etter ein båt?   Foto: […]

12. desember: Uvennskap, vennskap, forelskelse, forlovelse, ekteskap av Alice Munro

Oversatt av Kia Halling. (Gyldendal 2007). Ingen skriv noveller som Alice Munro. Deet som skjer kan i utgangspunktet sjå kvardagsleg ut, men så skjer noko som gjer at alt snur. I tillegg er det nokre karakterar som aldri slepp. Til dømes Alfrida i novella «Arvegods». Kva er det med denne rå, delvis vulgære, spaltist-tanta til […]

9.desember: Med bind for øynene av Siri Hustvedt

Oversatt av Mona Lyche Ramberg (Aschehoug 2012) Debuten frå den høgt respekterte forfattaren Siri Hustvedt er ikkje heilt perfekt. Og nettopp derfor elskar eg den. Her er det ei veldig nerve. Hovudpersonen er svolten og fattig og tar eit oppdrag som gjer at ho må overskride eigne grenser. Det er varmt og det er sommar […]

6. desember: Jeg heter Lucy Barton av Elizabeth Strout

Oversatt av Hilde Rød-Larsen (Press: 2017) Lucy Barton er på sjukehus i New York i 6 veker ein sommar på 1980-talet. Dei finn ikkje ut kva som er gale med henne. Og ho saknar veldig dei to små jentene ho er mor til. Midt opp i dette får ho besøk av si eiga mor. Dei […]

3. desember: Steinen av Vegard Sæteren

(Flamme forlag 2020) Kor lite kan ei bok handle om og likevel vere fantastisk interessant? Svaret er: relativt lite. Ein ung mann har vore isolert i ei leilegheit, men rømmer då straumkontrolløren og huseigaren kjem på døra. Påkjenning av menneske utanfrå blir for krevjande. Me følger den unge mannen, og det er rett og slett […]