Omslag: "Northanger Abbey" av Jane Austen
UngdomVoksne

Northanger Abbey

Jane Austen

RomantikkRomanerKjærlighetLesingTenåringsjenterEngland (Storbritannia)Bath (Storbritannia)1700-tallet
Bestill

Anbefaling

Jane Austen på sitt beste

Her er Jane Austen vittig og overraskande. Eg trur det er hovedkarakteren som gjer at denne boka trer fram for meg. Eg høyrte den på lydbok ei helg og fekk ikkje gjort stort anna, eg måtte høyre korleis det gjekk med vår heltinne Catherine Morland.

Om boken

17 år gamle Catherine Morland er ei naiv jente som elskar gotisk litteratur og kjærleiksromanar. Hos ein familieven i Bath møter ho den kjekke Henry Tilney og forelsker seg straks. Henry inviterer ho til familiens gamle herregård, Northanger Abbey. Catherine, som har lest litt for mange thrillere, lét fantasien ta over i det mørke herskapshuset. Kva var det eigentleg som hendte med Henrys mor? Skjuler familien ein grusom hemmelegheit? Kan ho stole på Henry, eller er han ein del av ein ond konspirasjon? Catherine finn potensielle katastrofar i dei mest daglegdagse hendingar, heilt til Henry overtalar ho om at det er farleg å blande kunst og røyndom. “Northanger Abbey” er ein satirisk roman om kjærleik, overklasselivsstil og kjønnsroller. Omtalen er utarbeidd av BS.