Enebakk

bibliotek

Enebakk

bibliotek

Våre leseforslag

  • Voksne

    Dine ord

    Heivoll, Gaute2022

    Eg måtte byrje tre gonger på denne boka før eg kom inn i det rette lesetempoet. Men når eg var inne så var eg fanga.

    Se anbefalingen
  • Voksne

    Torsdagsmordklubben. 1

    Osman, Richard2021

    På et luksuriøst eldrehjem samles fire beboere hver torsdag for å løse uoppklarte drapssaker. Og når det skjer et mord i byen, klarer de ikke å holde seg unna. De overlater ingenting til politiet.

    Boken er lett å lese, med en humoristisk tone. Jeg likte veldig godt karakterene i boken, og hvordan de i torsdagsmordklubben arbeider for å løse drapssaken. Hvis man, som jeg, likte boken, er det kommet to andre bøker til i serien om Torsdagsmordklubben.

  • Ungdom

    Girl on fire

    Keys, Alicia2022

    Denne boka var spennende fra start til slutt. Lolo virker som en karakter det er verdt å heie på. Hun lar seg ikke bare føye etter truslene hun møter, men kjemper for det hun mener er rett. Det hjelper så klart også at hun har magiske krefter.

    Etter å ha lest boka er jeg fortsatt nysgjerrig på hvor magien til Lolo kommer fra og hva hun kan bruke den til i fremtiden. Hvis det kommer en oppfølger, leser jeg den gjerne.

  • Dama til Rune

    Teie, Marianne2022

    Dama til Rune gjer inntrykk der ho trer fram i scenar på hytta, i samtale med den kjekke hyttenaboen og i tilbakeblikk som kan gjere vondt. Dama til Rune brukar vanligvis dagane til å sjå på Dr. Phil og sove. Å sove er det beste og verste ho veit. Men dagane på hytta gir både lesaren og henne sjøl eit innblikk i kvifor ting er som dei er.

  • Voksne

    Morgenstjernen

    Knausgård, Karl Ove2020

    Då eg las Morgenstjernen var det nett som å gå inn i ein tv-serie eg elska. Eg las episode etter episode. At den var lang var berre ein fordel. Å lese ei bok der forfattaren lagar ein heilt filmrull inne i hovudet på lesaren er ei fabelaktig kjensle.

  • Voksne

    Utskudd

    Bruggen, Majken van2022

    Majken von Bruggen vel sine hovedkarakterer med omhu. Og dei det handlar om her, har ikkje mange andre bøker å boltre seg i. Ho finn hovedkarakterer der andre finn problem. Eg blei både rørt og berørt av desse forteljingane. Fleire av forteljingane vil passa godt til å bli lest høgt og snakka om.

  • Voksne

    Du er min historie

    Rygh, Trine-Lise2022

    Av og til kan første setningen seie mykje om ei bok. Den første setningen i denne boka handlar om deprimerte hundar og at det finst ei lykkepille også for dei. Det er ein passande start i ei bok om to vaksne menneske som sklir frå kvarandre. Det eg likar aller best er tonen denne boka er skriven i. Fordi om boka handlar om eit trist tema oppleves den ikkje trist. Den er skriven med eit slags distansert overskudd.

  • Eldre barn

    Tilbake til villmarken. Del 1

    Hunter, Erincop. 2014

    Det er lett å leve seg inn i boka og den er ganske lettlest med store bokstaver. Denne passer godt til de som liker natur, mysterier og katter. (JC)

  • Ungdom – Voksne

    Northanger Abbey

    Austen, Jane2016

    Her er Jane Austen vittig og overraskande. Eg trur det er hovedkarakteren som gjer at denne boka trer fram for meg. Eg høyrte den på lydbok ei helg og fekk ikkje gjort stort anna, eg måtte høyre korleis det gjekk med vår heltinne Catherine Morland.

  • Voksne

    Lørdag

    McEwan, Ian2006

    Ian McEwan har ein spesialitet som han er heilt fabelaktig god på. Me kan kalla dette "uro." Då eg las "Lørdag" ante eg ikkje kva som skulle skje. Men McEwan har denne evna til å sette lesaren i beredskap. For noko kjem til å skje, men kva? Eg var sikker på at bombe ville smelle midt i den store demonstrasjonen som er denne lørdagen. Og det smell etterkvart, men på ein heilt anna måte enn eg hadde tenkt.

  • Voksne

    The Sense of an ending

    Barnes, Julian2017

    Eg las "The Sense of an ending" på eit fly. Midt i flyginga blei eg usikker på om eg hadde bestilt billett til rett destinasjon. Eg trur det var fordi eg var totalt dratt inn i handlinga. No opplever boka som eit gjenferd. Den kjem tilbake når eg minst ventar det.

  • Voksne

    Skatten og tyven

    Eikehaug, Erik2022

    Å lese denne boka er som å sjå ein film der ein ikkje alltid veit om ein skal le eller grine. Eg blir veldig glad i hovedkarakteren Vetle. Det er han som gjer inntrykk med gullbukse og vridd kne og andre manglar og sårbarhet. Og ikkje minst ekspertise i "Guilmore Girls." Av og til kjem det ei bok som gir meg tilbake trua på litteraturen, "Skatten og tyven" er ei slik bok.

  • Den ærlige bedrageren

    Jansson, Tovecop. 2014

    Eg las "Den ærlige bedrageren" den sommaren det var så varmt at skogbrannar oppstod overalt, nærmast av seg sjølv. Å lesa denne boka var derimot som å stikka hovudet ned i ein fryseboks. For det er noko i iskaldt i dette dramaet mellom to sterke kvinner. Det er heller ikkje lett å forutsei kven som vil vinne til slutt.

  • Voksne

    Hvordan ser lengsel ut

    Nyborg, Line2021

    Dette er ei bok som berører. Forteljinga er nedpå og fortalt av ein lågmælt hovedkarakter. Språket har ein eigen tone som blir forsterka med innslag av nordnorsk dialekt. For meg var dette møte med ein forfattar eg aldri hadde høyrt om før. Det kan eg ikkje forstå. For Line Nyborg er verkeleg god!

  • Voksne

    Den fremmede

    Ferrandez, Jacques2020

    Den fremmede er ei teikneserieversjon av Albert Camus klassikar. På første biletside møter me vår hovedkaraktar på ein buss. Han sveittar. Han er på veg for å begrave si gamle mor. Men alt går gale etterkvart
    . Er det varmen? Er det sinnet som spelar han eit puss? Er det dei personane han møter på sin veg? Teikneserien er fenomenalt laga av Jaques Fernandez.

  • Voksne

    Heftige bånd

    Gornick, Vivian2019

    Mor og dotter kranglar seg gjennom 200 sider om kva som eigentleg hende og korleis den og den personen eigentleg var. Dei traver opp og ned i New Yorks gater, og det heile er svært underhaldande og også irriterande. Eg blir likesom ikkje ferdig med denne boka. Forfattaren seier sjølv at skriving alltid har falt tungt for henne. Det er interessant. Det er kanskje også difor karakterane lev i meg lenge etter endt lesing.

  • Eldre barn

    Enhjørninger, sjømonstre og hjemsøkte hus

    Les spennende eventyr, grufulle grøss eller dykk ned i havets dyp med disse magiske fortellingene.

  • Tema

    Magiske tegneserier

    Opplev magien i disse flotte tegneseriene

  • Voksne

    Stille perler

    Ei samling fine bøker du kanskje ikkje har høyrt om?

  • Tema

    Uro

    Krim som holder deg oppe om natten

  • Tema

    Shonen manga

    Japanske tegneserier med mye action

Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Ansvarlig redaktør: Andreas Halvorsen
Enebakk kommune
Bygget med Libry Content