Til leseforslag
Omslag: "Flukt" av Carl Frode Tiller

Voksne

Flukt

Tiller, Carl Frode2021

Bestill

Anbefaling

Saman er ein mindre aleine?

Om du vil ha ei heilt original julebok og har tida til å bli suggerert inn i Tillers manande språk, er dette boka for deg. Det kan vere litt forvirrande med passasjer der tre ulike eg-personar dukkar opp på ei og same side, men i denne boka fungerer det faktisk svært godt. Og boka er akkompagnert av ein melankolsk julekveld der ingenting er som før.

Om boken

Elisabeth og Sakarias har mista sonen sin, Johannes. No skal dei for fyrste gong feire jul utan han, og dei skal feire kvar for seg. Forholdet deira tolte ikkje tapet av Johannes. Dei har akkurat vore ved grava hans for å tenne lys, og planen var at Sakarias deretter skulle køyre Elisabeth heim. Men så ender dei likevel opp med å feire julaftan saman og minnest sonen sin. Det blir ei heilt spesiell natt. Forfattaren har skrive ein roman om relasjonen mellom dei levande og døde, og forteljinga er eit stykkje unna det vi elles oppfattar som realisme. Omtalen er utarbeidd av BS.

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Enebakk kommune
Ansvarlig redaktør: Andreas Halvorsen
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygget med Libry Content