Litteratur og fortelling
"Bok og vaffel spesial": Møte med Levi Henriksen
Velkommen til stemningsfull og magisk kveld med Levi Henriksen og Elisabet K. Johansen
Gratis - ingen påmelding
Dato
Tid
Sted
Avholdes ikke i biblioteketKultursalen, Lotterudveien 4, 1912 Enebakk
Me gler oss veldig på å få besøk av Levi Henriksen og kveldens bokbader, den fabelaktige Elisabeth K. Johansen.
Levi Henriksen har i år 20 årsjubileum som forfatter, men har vore musikar mye lenger.
Han har skrive åtte romanar, åtte novellesamlingar, i tillegg til lyrikk, barne- og ungdomsbøker og ei mengd bidrag i antologiar og tidsskrift.
Levi Henriksen gitt ut 8 musikkalbum. Dei siste åra har han reist mykje rundt med bandet Babylon Badlands. Tidlegare i år kom diktplata «Alt som ikke har lyd» i samarbeid med produsent og musikar Amund Maarud.
Fjorårets roman «Tolv ord fra Oskar Maier», viser ei ny side av Henriksens forfatterskap. Romanen er inspirert av moras kjærleiksforhold til ein ung tyskar rett før andre verdskrig. Sjølv om både det litterære og geografiske landskapet er kjent for dei som har lese Henriksen før, trekk han her dei store historiske hendingane inn i ei tett og nær forteljing og jakta på familiens opprinnelseshistorie.
I haust er Levi Henriksen aktuell med essaysamlinga «Så la meg få vandre i min sannhet» Ei samling tekstar som på gir innblikk i kva som har vore med å forma Henriksen til den forfattaren og musikaren han er.
Levi Henriksen tar også med gitaren - så her er det duka for musikk.
Relatert litteratur
Tolv ord fra Oskar Maier
Henriksen, Levi
La meg få vandre i min sannhet
Henriksen, Levi