Enebakk

bibliotek

Enebakk

bibliotek

Våre leseforslag

  • Ungdom – Voksne

    Northanger Abbey

    Austen, Jane2016

    Her er Jane Austen vittig og overraskande. Eg trur det er hovedkarakteren som gjer at denne boka trer fram for meg. Eg høyrte den på lydbok ei helg og fekk ikkje gjort stort anna, eg måtte høyre korleis det gjekk med vår heltinne Catherine Morland.
    Se anbefalingen
  • Voksne

    Lørdag

    McEwan, Ian2006

    Ian McEwan har ein spesialitet som han er heilt fabelaktig god på. Me kan kalla det "uro." Då eg las "Lørdag" ante eg ikkje kva som skulle skje. Men McEwan har denne evna til å sette lesaren i beredskap. For noko kjem til å kome, men kva? Eg var sikker på at bombe ville smelle midt i den store demonstrasjonen som er denne lørdagen. Og det smell etterkvart, men på ein heilt anna måte enn eg hadde tenkt.
  • Voksne

    The Sense of an ending

    Barnes, Julian2017

    Eg las "The Sense of an ending" på eit fly. Midt i flyginga blei eg usikker på om eg hadde bestilt billett til rett destinasjon. Eg trur det var fordi eg var totalt dratt inn i handlinga. No opplever boka som eit gjenferd. Den kjem tilbake når eg minst ventar det. Det kan virka som eg ikkje kjem over henne.
  • Voksne

    Skatten og tyven

    Eikehaug, Erik2022

    Å lese denne boka er som å sjå ein film der ein ikkje alltid veit om ein skal le eller grine. Eg blir veldig glad i hovedkarakteren Vetle. Det er han som gjer inntrykk med gullbukse og vridd kne og andre manglar og sårbarhet. Og ikkje minst ekspertise i "Guilmore Girls." Av og til kjem det ei bok som gir meg tilbake trua på litteraturen, "Skatten og tyven" er ei slik bok.
  • Den ærlige bedrageren

    Jansson, Tovecop. 2014

    Eg las "Den ærlige bedrageren" den sommaren det var så varmt at skogbrannar oppstod overalt, nærmast av seg sjølv. Å lesa denne boka var derimot som å stikka hovudet ned i ein fryseboks. For det er noko i iskaldt i dette dramaet mellom to sterke kvinner. Det er heller ikkje lett å forutsei kven som vil vinne til slutt.
  • Voksne

    Hvordan ser lengsel ut

    Nyborg, Line2021

    Dette er ei bok som berører. Forteljinga er nedpå og fortalt av ein lågmælt hovedkarakter. Språket har ein eigen tone som blir forsterka med innslag av nordnorsk dialekt. For meg var dette møte med ein forfattar eg aldri hadde høyrt om før. Det kan eg ikkje forstå for Line Nyborg er verkeleg god!
  • Voksne

    Den fremmede

    Ferrandez, Jacques2020

    Den fremmede er ei teikneserieversjon av Albert Camus klassikar. På første biletside møter me vår hovedkaraktar på ein buss. Han sveittar. Han er på veg for å begrave si gamle mor. Men alt går gale etterkvart . Er det varmen? Er det sinnet som spelar han eit puss? Er det dei personane han møter på sin veg? Teikneserien er fenomenalt laga av Jaques Fernandez.
  • Voksne

    Heftige bånd

    Gornick, Vivian2019

    Mor og dotter kranglar seg gjennom 200 sider om kva som eigentleg hende og korleis den og den personen eigentleg var. Dei traver opp og ned i New Yorks gater, og det heile er svært underhaldande og også irriterande. Eg blir likesom ikkje ferdig med denne boka. Forfattaren seier sjølv at skriving alltid har falt tungt for henne. Det er interessant. Det er kanskje også difor karakterane lev i meg lenge etter endt lesing.
  • Eldre barn

    Enhjørninger, sjømonstre og hjemsøkte hus

    Les spennende eventyr, grufulle grøss eller dykk ned i havets dyp med disse magiske fortellingene.

  • Tema

    Magiske tegneserier

    Opplev magien i disse flotte tegneseriene

  • Voksne

    Stille perler

    Ei samling fine bøker du kanskje ikkje har høyrt om?

  • Tema

    Uro

    Krim som holder deg oppe om natten

  • Tema

    Shonen manga

    Japanske tegneserier med mye action

Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Ansvarlig redaktør: Andreas Halvorsen
Enebakk kommune
Bygget med Libry Content